Hjortetelling

Nå nærmer det seg tid for hjortetelling, er det noen som veit om det blir felles telling for hele Sogn og Fjordane i år?
Noe det tidligere i vinter vart snakka om her inne, det hadde nemlig vært veldig intresant og fått til noe sånt.

Vist 314 ganger. Følges av 7 personer.

Kommentarer

Ja vi har prøvd å få det til. Men dei aller fleste kommunane har liten interesse for det , ( eg veit ikkje om dei heilt forstår behovet av ei felles teljing) so vi har vel vurdert å telje slik som vi har gjort tidlegare . For Jølster sin del skal vi telje den 9 april,23 april, 7 mai og 21 mai.

Det er i grunn synd att interessa var så liten.
Så da rekner jeg med att tellinga blir som før i Gaular også.

Det er veldig synd ja.

Høyrer om teljing i Lærdal/Årdal/Aurland. Og nokre entusiastar i Sogndal. Elles verkar det som om at de i Sunnfjord er flinke.

Eg har vore i kntakt med Landbrukskontoret her eg bur, men interessa var laber. Synd, for i tillegg til kunnskapen ein får om stamma, og eit fint supplement til “Sett hjort”, så må dette vera eit kjempefint miljøskapande element i bygdene.

I Rauma hadde vi tidlig telling vil jeg absolutt tørre å påstå. 24. mars-31.mars-7.april-14.april. De to første telledatoene var snødekte atleger. Jeg syns kanskje viltnemda burde sett ann den sene våren og utsatt tellingene et par uker. Vel, tellingene er gjort, og en viss pekepinn fikk vi, spesielt de siste to datoene.

Dersom ein skal kartlegge storleiken på hjortestamma er helikopter med varmesøkjande kamera det beste, og sikraste. Dersom ein gjer det over eit større område ( ein eller helst fleire kommunar) 5-6 gongar i løpet av eit år, vil ein få ein god peikepinn på kor mykje hjort det er på dei ulike stadane, og til kvar tid. Både sett hjort og vårteljing er for dårlege til å seie noko konkret om stamma, anna enn korleis utvikling er over tid. (4-6 år)

Mi vesle erfaring med varmesøkjande kamera (leiteaksjon) tilseier at det ikkje er berre “å trykkje på knappen” her heller. Feilkjeldene er mange(husdyr, folk, anna vilt, sol-oppvarma steinar…) Men dette har eg sjølvsagt for lite greie på. Truleg har det vel skjedd ei utvikling på dette området også.

Vårteljing verkar til å vera ok. Ikkje minst då det kan vera eit sosialt samlande element for bygdafolk. Og som du skriv kan ein ikkje dra forhasta konklusjonar frå år til år, men sjå på utviklinga over eit større tidsrom.

Annonse

Nye bilder