Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Fjordaglimt (torsdag 10. juni 2010). Les mer om roperten…

Sak om tjuvjakt henlagt i Hyllestad - kvar skal dette ende?

I desember 2007 var to av oss i Skifjorden på hjortejakt. Seint på kvelden var det, men med snø og månelys var utsiktene gode. Etter å ha plassert oss strategisk til med utsyn over bøen med riksvegen tvers igjennom, og med dyr på bøen var alt vel. Heilt til bilen kom. Vi såg den kom frå Drøsdalen, svinga ut mot skulehuset og stoppa på vegen ca 30 meter frå hjortane. Så skjer det uventa – dei skyt mot dyra – frå bilen!

Slik starta ei jakt utanom det vanlege. Dette skjedde klokka 11 om kvelden, og resten av natta gjekk med til å stoppe bandittane, eskortere dei til politiet som venta i Dale (!), slakte ein vomskoten hjortekalv, leite etter kula (som vi fann)! Men kva skjer? Etter 2 1/2 år vert saka henlagd av påtalemyndigheitene i Sogn og Fjordane. Jegarane vart stoppa utan papirer av noko slag, og med børsa i bilen. Alle forhold er no henlagt. Det har tatt for lang tid!

Vi står undrande att, og kan nesten ikkje tru beskjeden. Kva skal då til for å få tiltalt krypskyttarar? Ikkje veit eg, men her hadde politiet ei god sak, og etterkvart mange personar som var vitne til ein oppførsel som ikkje er ein jegar verdig. For dette var “seriøse” jegarar, og eg kan vel seie så mykje at denne bilen ikkje stoppa før vi hadde fått køyrd ein lastebil på tvers av vegen lenger ute i bygda. Hadde du stoppa dersom det står ein mann med grønn refleksvest midt i vegen? Trur det dersom du hadde reint mjøl i påsen. Det gjorde ikkje desse to karane – ikkje før lastebilen gjorde det umogeleg.

Det som er verkeleg gale i denne saka er kva som skjer neste gong. Å henlegge denne saka signaliserar desverre at politiet ikkje tek slike saker på alvor, men det er kanskje viktigare å køyre ei sak til høgsterett der ein lovlydig grunneigar er mistenkt for jakt om natta? Eg skjønar faktisk ikkje at politiet ikkje ser kva ettermele og oppfatning folk flest får. Kva skal folk gjere? Krypskyttarar er eit stort problem mange stadar i fylket, og det er nok desverre store mørketal.

Eg trudde politiet såg at dei hadde mogelegheita til å statuere eit eksempel.

Kva tenkjer dykk dersom eg seier at ein av desse har vore i ei slik sak tidlegare? Eller det faktum at jaktlaget bestod av totalt 5-6 mann der ein var politi? Det var berre to i bilen, og det er godt mogeleg at resten av dette jaktlaget ikkje visste om “dei svarte fåra”. I ettertid verkar det nesten som det er vi som er kjeltringane, og berre finn opp dette av ein eller annan grunn.

I fylkesnytt på onsdagen var saka omtald, men korkje politi eller påtalemakta ville uttale seg. No vil eg tru at det er nokre som berre håpar på at denne saka skal forsvinne stille og roleg. Derfor skriv eg dette innlegget!

Vist 1338 ganger. Følges av 11 personer.

Kommentarer

Denne saka er prinsipielt viktig og det er for meg uforståelig at en sak som til de grader er oppklart ikke får etterspill.

Som jeg har skrevet i bloggen min, det lukter råttent, det lukter korrupsjon.
Og det var en konklusjon jeg hadde kommet fram til utifra medias opplysninger på nrk.no
Rolf sitt detaljerte innlegg hvor han i detalj forklarer hendelsesforløpet bare bekrefter min mistanke om at her har det skjedd ting som ikke tåler dagslys, ikke bare natten tjuvjakten fant sted, men også i den påfølgende etterforskningen.

Les blogginnlegget Det lukter kadaver!

Denne saken er prinsipielt viktig for alle som driver med jakt og fangst på lovlig vis.
Dette skjer også kort tid etter at lensmannen i en annen kommune kjørte en erfaren lovlydig hjortejeger gjennom rettskverna.

Så jeg håper at politiet kommer med en saftig begrunnelse på hvorfor de lar tjuvjegere slippe unna til tross for bevis og vitner.

Og det ganske kjapt!

-
Veidemannslosjen 10/6/2010

Vi veit jo at i Norge er det vandlig med korrupsjon, noe fleire saker som er komt fram i lyset i seinare tid viser, spesielt innen stat og kommune. Blant anna registrering av fritidsbåtar som fiskebåt, for å få kjøre på avgiftsfri diesel + ein haug med andre saker. Og fleire skal da nok bli. Berre folk tør stå fram.
Dei fer med bil i mørket her og på Eikanger i Nordhordland, bil med bevegelig lyskaster. Politiet bryr seg ikkje.

einaste alternativ i slike saker er å ta loven i eigne hender!! Enn skulle ha ordna opp med jægerane der å då, å fått ordna det på ein hard måte, så hadde dei nok aldri tatt sjangs på å prøve noko slikt fleire ganger! Dei skulle fått så pass at dei ikkje hadde klart å bevege seg på ein heil måne!

Ja det er pussig at saka vert henlagt når dei har so mykje bevis.Er det på grunn av at det var ein politimann med i jaktlaget ?

Som sagt, ..saken lukter kadaver.

Merkelig! for meg virka denne saka heilt opplagt og politi treng ikkje bruke mykje ressursar i etterforskning. Dei har jo fått ei sak på bordet, neste ferdig oppklart. Her er både vitner og klare brudd på norsk lov, alikevell henlegg dei saka??
Går denne saka utover tiltru og tryggheita til påtalemakta?
Her har lovlydige jegrar gjort ein god innsats får å hekte tjuvjegrar,likevel blir saka henlagt?

i andre saker oppfordra ofte politi, pubilkum og andre som kan ha sett noko, melde ifrå?
vel, sånne saker bidra ikkje til at vanlige folk gidd å kaste vekk tida si.

Merkelig!

Denne saka blir også diskutert her:
Politiet henlegger saken om tjuvjakt i Hyllestad

dette er politiet i et nøtteskall eller i ei tomhylse.her burde det vere en annmeldelse på politiet. har dei en vetig grunn for hennleggelse. Når en skyt fleire dyr i rask rekkefylje å alle lig der stein dau då er de mulkt å inndraging av våpen. den som ikkje er politi kan ikkje forstå slikt.det luktar et realt vomskot.publiser kven dei er so vert dei hennvist til bare ulovlrg jakt før eller siden treff dei vel en polis med ryggrad sjøl om de er langt mellom dei.eg har ringt mange ganger om ulovleg jakt det einaste dei er inresert i er mine peronalia, då har eg svart at dei har navnet og de er nok.resultat 0,0.

Leste i dag at saken ble henlagt også av statsadvokaten.

Tragisk.

Ja… Tragisk…

Lurer på om dette blir henlagt også!http://www.dagbladet.no/2010/11/16/nyheter/innenriks/vapen/tjuvjakt/14314812/

Bra at det blir fokus på slike saker. Saka eg har omtalt vart påklaga av oss. Den er fortsatt ikkje ferdig behandla. Alt håp er (endå) ikkje ute!

Får da inderlig håpe att den klagen blir tatt til følge!

Har det skjedd noko meir i denne saka i det siste?

Hadde det ikkje vore for at vi ikkje gir oss, så hadde denne saka støva ned for lenge sida. Men det har vi ikkje. Det som nesten er det tragiske no, er at det er politiet som ikkje har gjort jobben sin. Akkurat no ligg den hos statsadvokaten i distriktet. Sjølv er eg sjokkert over korleis saka er behandla av påtalemyndigheitene. Det positive er at det er journalistar som ser dette, og som ynskjer å få dette fram i lyset. Så det er nok ikkje det siste doke har høyrd om denne saka. Ellers har vi mogelegheita til å gå til sivil sak – og det er eit alternativ vi vurderar….

Rolf

Det er bra at de står på og ikkje gjev opp. Eg forstår meg ikkje på politiet i denne saka. Hadde dette vore ei sak der det hadde vorte felt ein hjort om natta då hadde politiet stått på som berre det, men tjuvjakt det meiner politiet er ok. Forstå det den som kan.

Eg veit ikkje kva problemet er – for dette burde vore ei veldig god sak for politiet: hjort skoten om natta, frå bil, på annenmanns grunn, utan papirar, røymer frå staden. Forstå det den som kan!

Det var ein som sa til meg: “neste gong ringjer du ikkje politiet – det er inga vits. Ring meg so skal vi ordne opp”.

No er de jakt i gjen og vi skriv 2011 trur eg.Er det fortsat fritt fram for kjeltringar eller har dei fått straff som fortjent,eller er det han som sette lastebilen på tvert som fikk straffa? dei er snare å bøtelegge viss dei lukta lastebil .

Det er fritt fram….

Her i vanylven er det mange hodyr uten kalv,mest sansyleg har dei kasta for å berge livet i vinter.det var og mange som låg ihelfrosne og avmagra på skaresnøen det er og tydeleg mindre dyr en de som har vore vanleg.men 2 finnbulvintrar etter en annen må no sette spor etter seg .fortsat god jakt.

Annonse

Nye bilder