Hjort og rundballar.

Då kulda kom, vart det freistande å starte på siloen i staden for dei frosne rundballane som låg som store isklumpar nede på bøen. Vi var då klar over at det vart eit spørsmål om tid før hjorten fann ut at det var tid for noko anna enn grastustane som no vart dekka av snø. Og det varte ikkje lenge. Vi kunne sjå han tusle fram frå skogen og til rundballane so fort det vart skymt om kvelden. Etter fleire forsøk på å få tak i brukte nøter frå oppdrettsanlegg, noko som verka å vere vannskeleg på denne årstida, kom eg på at armeringsmatter måtte kunne gjere same nytta. Eg fekk tak i 16 matter på 2×5m og på under 3 timar hadde eg fått opp 80 meter gjerde rundt rundballane mine. Mattene sto greit i snøen og eg batt dei saman i endane og sette opp støtter til skogen som er rundt. Til sommaren skal eg setje ned pålar og lage eit meir permanent gjerde.

Vist 57 ganger. Følges av 1 person.
Annonse

Nye bilder