Resultat frå sett hjort i Sogn og Fjordane.

Har kontrollert hjorteviltregisteret for heile fylket.Det er pr i dag 20 kommunar som har lagt inn data frå sett hjort.Det er for det meste mindre hjortekommunar som manglar, men tal frå Gaular kommune er ikkje med og det er ein relativ stor hjortekommune .Det kan vere at det er nokre få kommunar som ikkje har lagt inn alt, men dei tala som er lagde inn må vi rekne med er riktige.
Først kolle pr bukk : 12 av 20 kommunar har auke i tal koller frå 2006 – 2010. 3 av 20 kommunar uendra. 4 kommunar nedgong.
Sett hjort pr jeger : 16 av 20 kommunar har oppgong.1 kommune har uendra,3 kommunar har nedgang.
Fellingsprosent hodyr: 6 av 20 kommunar har frå 51 % – 53,2 %.
5 kommunar har 50 – 50,9 %. 9 kommunar har frå 44 % – 48 %.
Gjennomsnitt tal sett hjort pr jeger i Fylket : År 2006 var den 1,53. I 2010 var det gått opp til 1,86.
Dette kan vel tyde på at totalt sett for fylket er det fortsatt ein oppgong i hjortebestanden, eller ka meiner de andre om det ?

Vist 138 ganger. Følges av 4 personer.

Kommentarer

Tror nok ikke vi har nådd toppen enda når det gjelder å få nedgang i hjortestamma, det virker enda som om vi har ei økene hjortestamme trass de to site vintrane og den forholdsvis harde avskytinga vi har hatt.

I vinter ar det krisemaksimering i media. “Hjortetragediar” og heile årsklassar kom til å døy ut. Korleis ser det ut no…?

Vi talte 2 dyr på siste telling, og 2 dyr er bedre enn null.

2 dyr er vel usedvanleg lite. No skal ein vera varsam med å ropa “ulv, ulv…” etter ei teljing. Men føler de altså at antal dyr går nedover? Og trur de det kjem av ein hard og vanskeleg vinter?

Dette har ikke skjedd over natta, vi har i flere år meldt i fra at bestanden har blitt drastisk redusert i vårt område.
Hos oss har vårtellingen hatt en skrå kurve fra 2005 til 2011
Fra 2002 til 2004 hadde vi 73-71-77-76 hjort på innmark
Fra 2005 da vi talte 70 hjort, har det gått jevnt ned til årets telling, i år talte vi to dyr, kolle og kalv.

Det var i 2005 vi startet med avskytingsplanen. Vi har skutt svært lite bukk, avskytingen har vært retta mot kalver, ungdyr og hodyr, det viste seg at treet ikke vokser inn i himmelen.
Ser ut til at storvaldet nå forstår alvoret, det er nemlig lagt opp til en redusert avskyting kommende planperiode.

Merkeleg – nesten mistenkeleg. Og de har eit storvald, forstår eg.

Men det skjer merkelege ting i naturen. I eit vald eg kjenner til ar det “krisestemning” for eit par år sidan. No nærmast “vassar” dei i hjort. Kvifor – anar ikkje.

Det har ikkje skjedd andre endringar: Andre beitedyr, rovdyr, uro i terrenget, turløyper….

Det blir slik om grådigheten og magemålet aldri når toppen.
Skrekkeksempelet blir når man får tildelt 7 løyver på rundt 800 daa, og får truet til seg 7 ekstraløyver i tillegg.

Eg trur at de må ikkje legge for stor vekt på vårteljinga, den er for usikker. Den seier ingenting om bestanden går opp eller ned. I bestefall kan den seie litt om forandringar mellom dei forskjellige kategoriar hjort.
Det beste parametere for å sjå om bestanden går opp eller ned er sett hjort, den er selfølgeleg ikkje 100 % sikker , men mykje sikrare enn vårteljinga.

Du kan nok ha mykje rett i det. Poenget mitt var å prøva å finna ut korleis situasjonen er for hjorten i år. I vinter las me ein del krise-meldingar. Det Kristian skriv, kan tyda på nedgang, Men det du Hallvard skriv tyder på ein muleg vekst i stamma, framleis.

Finst det fleire signal no? Fasiten får me vel når jakta er ferdig.

Annonse

Nye bilder